Posts Tagged ‘YouTuberi’

Statler & Waldorf invaderer Late Night with Jimmy Fallon

Monday, March 23rd, 2009

Kven diggar ikkje Muppets? Og ikkje minst Statler og Waldorf, dei sarkastiske gubbane på balkongen? Som kjend skriv Jason Segel manus på ny Muppet-film for Jim Henson Company, og då han førre veka var gjest på Late Night with Jimmy Fallon for å snakka om sin nye film I Love you, Man, dukka dei to sleivkjefta gæmlisane opp på, nettopp, balkongen.

(Via Slashfilm)

Watchmen ikkje einaste fenomen som mimrar over 1985…

Thursday, March 12th, 2009

WT-festivalen synte kor heftig a capella kan vere, spesielt saman med beatboxing, i fjorårets Beste dokumentar, The Beatbox Choir. Men finst det meir ved  a capella, finst det ein eigen kvalitet som kun kan manast fram ved å kombinere det med hardcore nerding?

Svaret er eit rungande, emfatisk ja.

Fem poeng per referanse i denne videoen:

(Via Topless Robot - sjølvsagt)

WTF: Penissong frå nerdemekka?!

Friday, March 6th, 2009

Ord kan ikkje beskrive denne videoen, frå bandet Le Sexoflex (sic) - som syng om “cocksquats” på Dragon*Con, ein av dei aller største nerdesamlingane på andre sida av sølepytten. Vi fann den på Topless Robot, der robotherren sjølv Rob Bricken tryglar og ber om at alle sprer denne videoen for alle vindar for å dele dens ibuande genialitet med verda.

For genial, det er den. Men kva i helvete er meininga bak?!

Enjoy, og god helg!

(via Topless Robot)

Mad Max 4 endeleg på veg - og det er ein anime?!

Friday, March 6th, 2009

MTV har eit intervju med Mad Max-skapar George Miller, der den gærne australienaren forklarar korleis Mad Max 4 no endeleg er på veg - som ein anime. Og Mel Gibson? Han er ute. Alt dette, og trailer for Mel Gibson sin nye film, etter hoppet.
(more…)

Torchwood: Children of Earth trailer i HD

Wednesday, February 11th, 2009

Årets sesong av den sexy Doctor Who-spinoffserien Torchwood er på fem episodar, sendt over fem etterfølgjande dagar, på BBC1. Miniserien har fått tittelen “Children of Earth”, og formelen her er jo som reinaste påskekrim for oss nordmenn å rekna - om enn noko oppsexa, og med romvesen. BBC gav i førre veke ut traileren for miniserien (eller “event”, som dei kallar det), men vi låg litt etter med andre ting, og fekk difor ikkje delt den med dykk før no.

Torchwood: Children of Earth HD trailer:

(via BBC, Youtube)

Doctor Who: Videodagbok frå David Tennant

Monday, February 2nd, 2009

Frå BBC:

“As production begins on Planet Of The Dead, David Tennant records his return to Cardiff. “

*Glede seg*

“Planet of the Dead” går på lufta i påsken, og er den fyrste av i alt fire spesialepisodar før David Tennant overleverer nøklane til TARDIS til Matt Smith.

(via BBC)

Superbowl Trailerpark: Feite bilar, eksplosjonar, romskip, og kjemperobotarot

Sunday, February 1st, 2009

Superbowl - til og med namnet høyrest så erkeamerkiansk ut; det er ikkje godt nok med ein vanleg bowl, den må vere super i tillegg, liksom. Det er ikkje ein gong vits i å gå inn på at dei kallar sporten for “fotball” når det er ein gjeng neandertalarar i liksom-gladiatorkostyme som spring rundt og held på “ballen” (som ikkje er rund).

Men ein ting er vi veldig glade for; spelet er lagt opp etter reklamepausar på tv. Kvifor er vi glade for det, spør du? Det er nemleg då dei store filmselskapa debuterer tv-reklamane for sine største filmar!

Sjå splitter nye trailere for Star Trek, Transformers 2, GI Joe, Land of the Lost, og Fast & Furious etter hoppet.

(more…)

Monty Python tener fett på å vere gratis

Saturday, January 24th, 2009

Monty Python gjorde nyleg sitt omfattande arkiv tilgjengeleg på YouTube - gratis - fordi dei var lei av dei uendeleg mange dårlege piratklippa der ute. No visar det seg at denne manøveren har gjort dei om mogleg enno meir populær enn før! (more…)

Beastmaster, Jr. Conquers the Intertubes

Tuesday, January 20th, 2009

Denne videoen går sin sigersgong i nerdebloggar i heile bloggosfæren, så vi kan ikkje vere verre her:

(more…)

Well, I did laugh

Monday, June 30th, 2008

Det er sjeldan eg ler høgt når eg ser vittige ting på veven, men i dette tilfellet gjorde eg det, og då er det på sin plass å dele dette med dykk.

Det er Topless Robot som bragte dette meisterverket for mine auge.

Du er kanskje av den oppfatning at nerdar verda over har alt for mykje fritid. Og du har heilt rett.

Exhibit A: Mannskapet frå USS Enterprise dreg til Monty Python sitt Camelot…