Posts Tagged ‘Withnail & I’

No kan også du reise “on holiday by mistake”!

Tuesday, February 17th, 2009

I dei vêrbitne åsane i Cambria kan ein riktig heldig fotturist kome over eit gamalt, falleferdig og forbodande gardstun. Her, Sleddale Hall som garden heiter, inntok i 1987 eit dedikert filmteam hovudbygget for å lekamgjera skildringa av to arbeidslause skodespelarar som reiser ut på landet for litt sårt, tiltrengt gjenoppfrisking, anno 1969.

Sleddale Hall er den legendariske åstaden for Withnail & I sin sjebnesvangre hytteur (du veit, den som får Marwood (Paul McGann) til å utbryta “We’ve gone on holiday by mistake!” ovanfor “the fucking farmer”). Sjølvaste uncle Monty sin landstad.

Withnail & I burde ikkje vere framand for lesarar av Holiday by mistake. Filmen er delvis sjølvbiografisk frå manusforfattar og regissør Bruce Robinson, og inneheld i tillegg til Sleddale Hall legendariske innspillingstadar som George Harrison sin leiligheit. Filmen er lett mogleg den mest siterte i filmhistoria, som trass i direkte flopp på kino har vakse seg til ein av dei verkeleg viktige kultfilmane vi har.

Garden har i årevis vore gjenstand for pilegrimsferder for Withnail & I-fans, men eit tvangssal i dag såg ut til å kunne bli slutten på heile garden.

Heilt til ein mystisk mann med rufsete hår overbydde alle og bladde opp £265000 for det viktige kulturlandemerket. For det er nemleg det pubeigar Sebastian Hindley ser bygningane, i nærleiken av Shap i Cumbria, som. Hindley legg ikkje skjul på kva han tykkjer om bygget, og eventuelt bruk:

“I see the significance of Sleddale Hall as similar to that of Wordsworth’s cottage on the other side of the Lake District,” (The Times Online)

Han la til at ynskjar å gjere garden tilgjengeleg for fans:

“Before, you used to have to break in if you wanted to stay there. I want to make it accessible to everyone who makes a pilgrimage.”

Så no er det berre å ta med seg sine favorittsitat, ei levande høne, og store mengder alkoholinnhaldig drikke, og leggje i veg til den engelske landsbygda i ein nedsliten Jaguar.

Om då Hindley får lov å la folk overnatta i bygget; det er nemleg i så dårleg forfatning at det i høve britiske bygningsforskrifter ikkje eignar seg for folk, men Hindley skal ha vore klar over dei estimerte oppussingskostnadane på om lag £150000 då han bydde på huset…

NB: Sebastian Hindley eig frå før av gjestehuset Mardale Inn i den nærliggande landsbyen Bampton. Dette er vertshuset Withnail og Marwood vitjar når dei for fyrste gong møter krypskyttaren i filmen!

(Via dodofuglens nebbete notater, Times Online)

Johnny Depps Rum Diary attende på skinner

Wednesday, February 11th, 2009

Under Berlinalen kom det i går nyhende om at The Dark Knight-skodespelar Aaron Eckhart og legenda Richard Jenkins er på veg inn i Johnny Depp og Bruce Robinson sin filmatisering av Hunter S. Thompson-romanen The Rum Diary. Prosjektet, som har vore ein hjartesak Johnny Depp har slåst for sidan 1999, er endeleg på skinnene att. (more…)