Ja, tru det eller ei, men sladreblekka (orsak, “tabloid”-avisa) The Sun hevdar faktisk at Zimbabwe-diktator Robert Mugabe, kjend for sine originale humanitære handgrep, sit på originalrullar frå heile fyrste sesong av Doctor Who. BBC manglar brorparten av arkivet sitt frå 60- og 70-talet, grunna den alternative formen for arkivering dei praktiserte den gongen (i.e. mangelen på), men rakkaren i den forhenverande kolonistaten Rhodesia skal altså ha skaffa seg originalrullane som angjeveleg vart send til Rhodesia for syning på 60-talet, hevdar blekka i ei “eksklusiv avsløring” i dag. Og vidare skriv dei at han nektar å utlevere rullane til det han omtalar som “tjuvaktige neo-kolonistar” på diplomatisk grunnlag…
No må det understrekast på det heftigaste at The Sun er svært berykta for å vere den minst pålitelege av dei britiske tabloidene, og alle “avsløringar” dei kjem med må som regel takast med eit billass salt. Men faktum er at BBC manglar 108 av dei 752 episodane av Doctor Who, spesielt frå dei tidlegaste åra, men har lukkast i å gjenskaffe seg eit antal tidlegare tapte episodar frå tidlegare kolonistatar og private samlarar. Så det er ikkje umoglegat dette faktisk er sant, det er berre lite truleg.
Sjekk ut heile saka hjå The Sun, og merk den fine (heller amatøraktige) photoshoppen av Mugabe som Davros.