Medan vi var ute…
Thursday, February 26th, 2009
Den siste veka har det skjedd ei røys med ting på underhaldningsfronten som vi burde ha dekka her på Holiday by mistake. No viste det seg at det var enklare å gå på jobb, sjå gamle episodar av “Red Dwarf”, flytte, eller drikke øl, enn å motivere seg sjølv til å få unnagjort litt skribleri. I 2008 hadde eg eit eksperiment der eg kombinerte fleire artiklar til samleinnlegg, og sjølv om eg ikkje kjem til å gjere dette til ein vane (det er ikkje som om eg laga ein ny kategori for dette her - eller, vent…), har eg ein del ting eg ynskjer dela med dykk.
Bli vist vidare til sakar om “Red Dwarf”, Michel Gondry, “Arrested Development”, Joss Whedon om DC, og meir, etter hoppet.
The Middleman var eit friskt pust som blæs gjennom eteren (og torrents) i fjor sommar. I fleire månadar har serien sin lagnad vore uviss - sjølv serien sin skapar, Javier Grillo-Marxuach, vart haldt i mørkret (og er etter alt å døme framleis det), men når det no vert annonnsert at den 13. og eigentleg siste (men uproduserte) episoden skal gjerast om til ein teikneserieroman, vert dette tolka som at kroken omsider er på døra.

IMDb melder at High School Musical-puddingen Zac Efron, og Dwayne “The Rock” Johnson, er henhaldsvis Jonny Quest og Race Bannon i Hollywoodfilmversjonen av den klassiske teiknefilmserien
Det er alt for lenge sidan vi rapporterte noko om Bruce Campbell, og vi kan ikkje anna enn å be om orsaking. Det er ingen løyndom at vi her i Holiday by mistake har ein gigantisk statue av Bruce i gull ståande midt i lokalene våre, som vi ber framfor fleire gongar for dagen (vent, har vi lokaler?!), medan vi dronar avgarde på Wayne Campbell-mantraet “We’re not worthy! We’re not worthy!“.