Fyrste sniktitt på Harold Ramis’ The Year One (Oppdatert)
Sunday, February 1st, 2009Ein av filmane eg gledar meg veldig til i år, er Harold Ramis’ sin The Year One. For meir enn éin grunn: Harold Ramis (Groundhog Day) har regien. Gene Stupnitsky og Lee Eisenberg (amerikanske “The Office”, Ghostbusters 3) har levert manus. Judd Apatow er produsent. Og stjernene? Jack Black og Michael Cera (”Arrested Development”, Superbad). Oy gevalt!
Black og Cera er to udugelege steinalderkarar som vert bannlyste frå landsbyen sin, og set ut på ei episk reise gjennom antikken.
I denne sniktitten som vart vist under Superbowl møter dei to bønder ved namn Cain og Abel (David Cross og Paul Rudd).
Oppdatert: Her er traileren, som debuterte under Superbowl i går: