Betalkanalen Dave har publisert denne viralvideoen saman med eit nytt ARG i høve premieren på den nye Red Dwarf miniserien “Back to Earth” som har premiere til påske.
Sjølv om eg ikkje feirar påske, er årets høgtid som julafta for meg, med splitter nye episodar av Dwarf, samt tv-spesial med Doctor Who. Eg kan ikkje glede meg nok!!
Det einaste å seie her er at enn kor mykje dei har rota til Marvel-kontinuiteten, ser det i alle fall omlag 100 gongar betre ut enn X3, som var ei mølje utan like.
Sjekk ut Slashfilm for nye promofoto med skodespelarane, fleire av dei har vi ikkje sett før.
Det er ikkje meir å seie enn akkurat dét. Her er den nye traileren til McG sin Terminator: Salvation, som sjølvsagt skal vise oss at andre enn James Cameron kan laga gode Terminator-filmar. Han gjer i alle fall ein glimrande jobb med å overtyda meg!
Nei, dette er ikkje eit innlegg om Guillermo Del Toro sin Hobbit-duologi. Derimot handlar det om ein 40-minuttars fanfilm laga for $3000, adaptert frå tillegga i “Ringenes Herre”. Filmen, The Hunt for Gollum, tek for seg Aragorn sin jakt på Gollum pre-”Ringenes Herre”, for å læra løyndomen bak Ringen.
Filmen har premiere online 3. mai, og den fyrste traileren er alt online. Og, bygod, det ser fabelaktig ut. Regissør Chris Bouchard har verkeleg klart å fanga essensen frå Jackson-trilogien, og atpåtil greidd å finna ein skodespelar med den naudsynte visuelle likskapen til Viggo Mortensen.
Nyt traileren etter hoppet (og ja, dei har allereie blitt kontakta om eventuell kinovisning under WT-festivalen i år…).
Den britiske komikarduoen James Corden og Mathew Horne er endeleg no å sjå i den fulle traileren for sexploitationhorrorkomedien Lesbian Vampire Killers. De hugsar kanskje at vi presenterte teasertraileren for dette kunstverket før jul?
Om mogleg ser filmen enno meir genial ut enn når teaseren kom ut før jul. Regissør Phil Claydon og manusforfattarane Paul Haupfield og Stewart Williams har aldri lagt skjul på at filmen er djupt inspirert av Shaun of the Dead, og britiske slackerkomikk generelt, noko som burde vere tydeleg for alle og ein kvar. Sjå traileren etter hoppet. (more…)
Det er vel berre å venne seg til at ein etter ein vil våre standarddefinisjonsprogram migrere over til HD. Om ein ikkje allereie har gjort det, då. Men enkelte hopp til HD er kanskje litt mindre forståelege enn andre. At Doctor Who - ein science-fictionserie - har god nytte av å sjå best mogleg ut, kan eg forstå, men er det naudsynt at ein teiknefilmserie som surfar på omlag 80% sjarm, som The Simpsons, visast i HD?
Okkesom har dei teke steget, og i same stund snikra ny opningssekvens, som går på lufta saman med den fyrste HD-episoden i kveld.
Det ser jo veldig flott ut, men nok ein gong set eg spørsmålsteikn ved om det var naudsynt. Sjå den nye introen etter hoppet!
Eg er ein av dei som fann Kill Bill, Vol. II noko skuffande, og Tarantino sitt Grindhouse-bidrag Death Proof bra fram til den faktiske forteljinga tok til.
Ja, eg tykkjer han er frykteleg oppskrytt, men likevel eit geni; det er ikkje å skyve under ein stol kor viktig han har vore for nyskaping i Hollywood. Om ikkje Tarantino hadde kome på bana hadde filmindustrien vore dominert av dansefilmar med Patrick Swayze, det er eg sikker på!
Det er ikkje utan ein viss forventning vi no presenterer teasertraileren til hans nyaste film, som pent kan beskrivast som den stygge, mannevonde lillebroren til The Dirty Dozen. Brad Pitt, Eli Roth, BJ Novak, Mike Myers(!), og Michael Fassbender har hovudrollene i Inglorious Basterds:
Årets sesong av den sexy Doctor Who-spinoffserien Torchwood er på fem episodar, sendt over fem etterfølgjande dagar, på BBC1. Miniserien har fått tittelen “Children of Earth”, og formelen her er jo som reinaste påskekrim for oss nordmenn å rekna - om enn noko oppsexa, og med romvesen. BBC gav i førre veke ut traileren for miniserien (eller “event”, som dei kallar det), men vi låg litt etter med andre ting, og fekk difor ikkje delt den med dykk før no.
Superbowl - til og med namnet høyrest så erkeamerkiansk ut; det er ikkje godt nok med ein vanleg bowl, den må vere super i tillegg, liksom. Det er ikkje ein gong vits i å gå inn på at dei kallar sporten for “fotball” når det er ein gjeng neandertalarar i liksom-gladiatorkostyme som spring rundt og held på “ballen” (som ikkje er rund).
Men ein ting er vi veldig glade for; spelet er lagt opp etter reklamepausar på tv. Kvifor er vi glade for det, spør du? Det er nemleg då dei store filmselskapa debuterer tv-reklamane for sine største filmar!
Sjå splitter nye trailere for Star Trek, Transformers 2, GI Joe, Land of the Lost, og Fast & Furious etter hoppet.
Ein av filmane eg gledar meg veldig til i år, er Harold Ramis’ sin The Year One. For meir enn éin grunn: Harold Ramis (Groundhog Day) har regien. Gene Stupnitsky og Lee Eisenberg (amerikanske “The Office”, Ghostbusters3) har levert manus. Judd Apatow er produsent. Og stjernene? Jack Black og Michael Cera (”Arrested Development”, Superbad). Oy gevalt!
Black og Cera er to udugelege steinalderkarar som vert bannlyste frå landsbyen sin, og set ut på ei episk reise gjennom antikken.
I denne sniktitten som vart vist under Superbowl møter dei to bønder ved namn Cain og Abel (David Cross og Paul Rudd).
Oppdatert: Her er traileren, som debuterte under Superbowl i går:
Historia bak Blood Bowl burde vere kjend for dei fleste nerdar. Spelet, eit brettspel, presenterer ein variant av amerikansk fotball, berre med mindre definerte moralske retningslinjer (i.e. blod, drap, motorsager, hoppestokkar, osb.), og sett til fantasyverda Warhammer; med andre ord befolka av alvar, dvergar og orkar - og rottemenn, minotaurar, og ting som hadde gjeve HP Lovecraft mareritt. No er spelet på veg til ein konsoll nær deg, og vi har med den siste traileren til spelet, som du kan sjå etter hoppet, og etter litt skvaldring.
Let the games begin! (more…)
Dei fleste av de der ute er ikkje så interesserte i chick flicks, vil eg tru, og det trur Justin Long, Kevin Connelly og Bradley Cooper også.
Difor har dei laga denne videoen for å overtyda oss om at deira nye film He’s Just Not That Into You ikkje er nok ein kjipolaisen sippefilm.
Classy move, guys.
(NB, det er reklame før klippet..)
Kevin Connelly kjenner vi som Eric “E” Murphy på “Entourage”, Bradley Cooper spelte i den kortlevde men fabelaktige tv-serien “Kitchen Confidential” basert på Anthony Bourdain sine sjølvbiografiar, og Justin Long vil for alltid ha ei stjerne hjå meg etter hans hysterisk geniale cameo i Kevin Smith sin siste film Zack and Miri Make a Porno.
He’s Just Not That Into You har elles Scarlett Johansson, Jennifer Aniston, Ginnifer Goodwin, Ben Affleck, Drew Barrymore, Jennifer Connelly og Kris Kristofferson på rollelista, og har premiere 27. februar.
Trufaste lesarar veit kanskje at eg har skrive ein del om tullballet rundt Spike Jonze si filmatisering av Maurice Sendak-boka Where The Wild Things Are (Til huttetuenes land).
Trass i alt dette tullballet, vert filmen rekna som ein av dei mest antisiperte i år, og det er difor spennande når nokre nye bilete dukkar opp som visar oss meir av huttetuane. (more…)