Posts Tagged ‘Ryktebørs’
Friday, March 6th, 2009
MTV har eit intervju med Mad Max-skapar George Miller, der den gærne australienaren forklarar korleis Mad Max 4 no endeleg er på veg - som ein anime. Og Mel Gibson? Han er ute. Alt dette, og trailer for Mel Gibson sin nye film, etter hoppet.
(more…)
Tags: George Miller, Jimmy Kimmel, Mad Max, Popkult, Ryktebørs, YouTuberi
Posted in Mad Max 4: Beyond Ninja Scroll | No Comments »
Thursday, February 26th, 2009
Den siste veka har det skjedd ei røys med ting på underhaldningsfronten som vi burde ha dekka her på Holiday by mistake. No viste det seg at det var enklare å gå på jobb, sjå gamle episodar av “Red Dwarf”, flytte, eller drikke øl, enn å motivere seg sjølv til å få unnagjort litt skribleri. I 2008 hadde eg eit eksperiment der eg kombinerte fleire artiklar til samleinnlegg, og sjølv om eg ikkje kjem til å gjere dette til ein vane (det er ikkje som om eg laga ein ny kategori for dette her - eller, vent…), har eg ein del ting eg ynskjer dela med dykk.
Bli vist vidare til sakar om “Red Dwarf”, Michel Gondry, “Arrested Development”, Joss Whedon om DC, og meir, etter hoppet.
(more…)
Tags: Arrested Development, Film, Joss Whedon, Michel Gondry, NEINEINEI, OMFG, Popkult, Ryktebørs, Smeg, TV-seriar
Posted in This week according to Bjørn | No Comments »
Wednesday, February 18th, 2009
Daily Record melder at Linday Duncan, kjend for oss her heime som Servilia of the Junii i “Rome”, Angela Wells i “Spooks”, og ikkje minst stemma til det feminine tilsvaret til C3-PO, TC-14, i Star Wars episode 1: Den skjulte trussel, no er på veg til Doctor Who, som David Tennant sin neste “companion”, Adelaide. Duncan vil vere å sjå i den andre av dei i alt fire spesialepisodane som erstattar vanleg sesong av serien i år - der den fjerde vil vere David Tennant sin siste opptreden som den eksentriske tidsherren frå Gallifrey.
Den fyrste, “Planet of the Dead”, har premiere til påske, problemer under innspelinga til trass.
(via Outpost Gallifrey)
Tags: Doctor Who, Popkult, Ryktebørs, TV-seriar
Posted in Doctor Who | No Comments »
Monday, February 16th, 2009
IMDb melder at High School Musical-puddingen Zac Efron, og Dwayne “The Rock” Johnson, er henhaldsvis Jonny Quest og Race Bannon i Hollywoodfilmversjonen av den klassiske teiknefilmserien The Adventures of Jonny Quest.
(more…)
Tags: Animasjon, Jonny Quest, Popkult, Ryktebørs, The Venture Bros., TV-seriar
Posted in Jonny Quest | 2 Comments »
Wednesday, February 11th, 2009
Under Berlinalen kom det i går nyhende om at The Dark Knight-skodespelar Aaron Eckhart og legenda Richard Jenkins er på veg inn i Johnny Depp og Bruce Robinson sin filmatisering av Hunter S. Thompson-romanen The Rum Diary. Prosjektet, som har vore ein hjartesak Johnny Depp har slåst for sidan 1999, er endeleg på skinnene att. (more…)
Tags: Bruce Robinson, Hunter S. Thompson, Johnny Depp, OMFG, Popkult, Ryktebørs, The Dark Knight, Withnail & I
Posted in In other news... | No Comments »
Friday, January 30th, 2009
Er det noko mannen ikkje vil remake for tida? Red Sonja og Barbarella er båe i planleggingsfasen, båe med Rodriguez sin kjærast Rose McGowan i tittelrollane. Skal ho kanskje spela Predator også?
Rodriguez lagar mange kule filmar, og har sansen for eksplosjonar og blod, men kom igjen, lat oss einast om at å laga ein remake av Predator er ein elendig idé, skaden AvP-franchisen har gjort til trass.
Her er plottet (seriøst, this is it): “In the reboot a team of commandoes face down a mysterious race of vicious monsters.”
Meredith Woerner hjå Io9 har meir, samt sine eigne meiningar om kvifor dette er ein dårleg idé.
Og seriøst, Hollywood, nye idéar snart, takk!!
Tags: NEINEINEI, Predator, Remakemonium, Ryktebørs
Posted in Predator Remake | No Comments »
Thursday, January 29th, 2009
Coming Soon melder at moromannen Dan Fogler har signert for Robert Zemeckis si filmatisering av Berke Breathed si barnebok Mars Needs Moms.
Filmen vil bli produsert i motion-capture, som Zemeckis’ Polar Express, og hans komande adaptasjon av Dickens’ A Christmas Carol.
Berke Breathed er godt kjend for og elska av oss nordmenn som vaks opp med Tommy & Tigern; han er nemleg mannen bak seriane Opus og Outland!
Filmen, som boka, handlar om ein ung gut som ikkje set pris på mor si før etter at ho har blitt kidnappa av marsbuarar, og som då set avgarde for å redda ho.
Slashfilm har også snappa opp saka, og melder i tillegg (frå ei anonym kjelde, vel å merke) at Gore Verbinski sin nye animasjonsfilm Rango, med Johnny Depp og Isla Fisher, er basert på Brethed si hundebok Flawed Dogs! (more…)
Tags: Animasjon, OMFG, Popkult, Ryktebørs
Posted in Berke Breathed | 1 Comment »
Thursday, January 29th, 2009
Daily Variety melder at den Ronald D. Moore (Battlestar Galactic)-forfatta oppfølgjaren til John Carpenter sitt meisterverk The Thing snart er klar for produksjon. Vi har fleire detaljar, synopsis, og rykte som svirrar på veven! (more…)
Tags: John Carpenter, Popkult, Remake, Ryktebørs
Posted in The Thing | 2 Comments »
Thursday, January 29th, 2009
Freema Agyeman skal i følge den høgst upålitelege tabloidavisa The Sun venda attende i ein av dei komande tv-filmane av Doctor Who.
“Freema’s on board. It’s early days so it’s unclear what exactly Martha will be up to in the new show,” seier ei kjelde i følgje avisa.
Noel Clarke, som spelte Mickey Smith sidan starten, har også uttrykt ønskje om å returnera om høvet byr seg. “Who would turn down a return to Doctor Who? I love the show and have always supported it. I was there from day one when nobody was sure if it was going to be a hit.”, seier Clarke.
Det er sjeldan eg bryr meg med å rapportera rykte frå The Sun, men dette ryktet verserer i diverse online fora med temmelg god kred, og det at Martha er ein av favorittkarakterane mine frå serien gjer at eg gjerne skulle sjå dette vere sant.
(via io9, DigitalSpy, GallifreyOne)
Tags: Doctor Who, Ryktebørs
Posted in Doctor Who | No Comments »
Monday, January 26th, 2009
Studioet har sendt ut ei pressemelding med castet til Steven Spielberg og Peter Jackson sin fyrste Tintin-film, med regi av Spielberg, og manus av Steven Moffat (Doctor Who, Coupling, Jekyll), Joe Cornish (Adam & Joe, Big Train) og Edgar Wright (Shaun of the Dead, Hot Fuzz). Fleire av namna har vi rapportert om tidlegare - men pressemeldinga byr på eit par nye overraskingar. (more…)
Tags: Animasjon, Popkult, Ryktebørs, Teikneseriar
Posted in Tintin | 2 Comments »
Thursday, January 22nd, 2009
Fleire kjelder melde ryktet om at Michelle Ryan skal stille som andrefiolinist i Doctor Who tilsynelatande var sant - men ikkje som Matt Smith sin partner. BBC bekrefta sidan ryktet. I tillegg er det rapportert om at eit anna kjend andlet slår følgje inn i TARDIS.
(more…)
Tags: Doctor Who, Ryktebørs, TV-seriar
Posted in Doctor Who | No Comments »
Tuesday, January 20th, 2009

Empire intervjua nyleg Terry Gilliam, der han avslørte at han har teke opp att arbeidet med den sjebnesvangre filmatiseringa av The Man Who Killed Don Quixote.
Filmen, med Johnny Depp og Jean Rochefort i hovudrollane, vart avbroten etter berre dagar med filming i 2000, etter ei forbløffande rekke uhell råka produksjonen - inkludert oversvømmingar, skadelidande skodespelarar, og det spanske flyvåpenet. Det heile er nitidig dokumentert i den fantastiske dokumentaren Lost in LaMancha.
Depp har heile vegen vore ein av dei sterkaste forkjemparane for å få filmen attende på beina, og Gilliam har lenge sagt at han berre har venta på at Depp skulle bli ledig for å halda fram.
No ser det altså ut til at dei er på sporet att, etter at Gilliam er i gang med ein ny versjon av manus for å få finansane i orden, og dei skal etter sigande filma seinare i år.
(artikkelen vert også publisert på n4f.no)
(via slashfilm)
Tags: Popkult, Ryktebørs, Terry Gilliam
Posted in Terry Gilliam | No Comments »
Monday, January 19th, 2009
Trufaste lesarar veit kanskje at eg har skrive ein del om tullballet rundt Spike Jonze si filmatisering av Maurice Sendak-boka Where The Wild Things Are (Til huttetuenes land).
Trass i alt dette tullballet, vert filmen rekna som ein av dei mest antisiperte i år, og det er difor spennande når nokre nye bilete dukkar opp som visar oss meir av huttetuane. (more…)
Tags: Huttetu, Popkult, Ryktebørs, Sniktitt
Posted in Huttetu | No Comments »
Monday, January 19th, 2009
Komikar Catherine Tate opplevde enorm suksess som Doktoren sitt reisefølge i sesong 4 av Doctor Who. Catherine Tate er mest kjend som sine ufordragelege karakterar på The Catherine Tate Show - som tidlegare har “cross-overed” med den gode Doktoren, sjå berre etter hoppet, samt Catherine i Doktoren sine sko, og nye rykte om kven som skal ta turen i TARDIS i 2010. (more…)
Tags: Doctor Who, Popkult, Ryktebørs, Vås
Posted in Doctor Who | No Comments »