Robert Rodriguez vil laga remake av Predator…
Friday, January 30th, 2009
Er det noko mannen ikkje vil remake for tida? Red Sonja og Barbarella er båe i planleggingsfasen, båe med Rodriguez sin kjærast Rose McGowan i tittelrollane. Skal ho kanskje spela Predator også?
Rodriguez lagar mange kule filmar, og har sansen for eksplosjonar og blod, men kom igjen, lat oss einast om at å laga ein remake av Predator er ein elendig idé, skaden AvP-franchisen har gjort til trass.
Her er plottet (seriøst, this is it): “In the reboot a team of commandoes face down a mysterious race of vicious monsters.”
Meredith Woerner hjå Io9 har meir, samt sine eigne meiningar om kvifor dette er ein dårleg idé.
Og seriøst, Hollywood, nye idéar snart, takk!!