Posts Tagged ‘Lesbian Vampire Killers’

Full trailer for Lesbian Vampire Killers!

Tuesday, February 17th, 2009

Den britiske komikarduoen James Corden og Mathew Horne er endeleg no å sjå i den fulle traileren for sexploitationhorrorkomedien Lesbian Vampire Killers. De hugsar kanskje at vi presenterte teasertraileren for dette kunstverket før jul?

Om mogleg ser filmen enno meir genial ut enn når teaseren kom ut før jul. Regissør Phil Claydon og manusforfattarane Paul Haupfield og Stewart Williams har aldri lagt skjul på at filmen er djupt inspirert av Shaun of the Dead, og britiske slackerkomikk generelt, noko som burde vere tydeleg for alle og ein kvar. Sjå traileren etter hoppet. (more…)

KA-CHING! Mitt førjulsynskje gjekk i oppfylling: Her er Lesbian Vampire Killers!

Monday, December 29th, 2008
De hugsar kanskje at eg for lenge sidan (eller, i førre innlegg) bad om fleire mainstreamfilmar med moralsk tvilsamt innhald, og bygod dei er på veg!

La meg presentere traileren for Lesbian Vampire Killers, som debuterte denne veka!

Så lenge det ikkje vert Razor Blade Smile omatt, men sidan filmskaparane kallar det “Sean of the Dead with Tits” er det grunn til optimisme.

Åja, jul og sånn, har vore sjuk heile jula, så lista mi over dei beste julefilmane som ikkje er julefilmar er forseinka.

Slapp heller av med ovannevnte Lesbian Vampire Killers si julehelsing til deg: