Posts Tagged ‘Animasjon’

Zac Efron er Jonny Quest

Monday, February 16th, 2009

IMDb melder at High School Musical-puddingen Zac Efron, og Dwayne “The Rock” Johnson, er henhaldsvis Jonny Quest og Race Bannon i Hollywoodfilmversjonen av den klassiske teiknefilmserien The Adventures of Jonny Quest.

(more…)

The Simpsons med ny intro - i HD

Sunday, February 15th, 2009

Det er vel berre å venne seg til at ein etter ein vil våre standarddefinisjonsprogram migrere over til HD. Om ein ikkje allereie har gjort det, då. Men enkelte hopp til HD er kanskje litt mindre forståelege enn andre. At Doctor Who - ein science-fictionserie - har god nytte av å sjå best mogleg ut, kan eg forstå, men er det naudsynt at ein teiknefilmserie som surfar på omlag 80% sjarm, som The Simpsons, visast i HD?

Okkesom har dei teke steget, og i same stund snikra ny opningssekvens, som går på lufta saman med den fyrste HD-episoden i kveld.

Det ser jo veldig flott ut, men nok ein gong set eg spørsmålsteikn ved om det var naudsynt. Sjå den nye introen etter hoppet!

(more…)

Berke Breathed-filmar i emning!

Thursday, January 29th, 2009

Coming Soon melder at moromannen Dan Fogler har signert for Robert Zemeckis si filmatisering av Berke Breathed si barnebok Mars Needs Moms.

Filmen vil bli produsert i motion-capture, som Zemeckis’ Polar Express, og hans komande adaptasjon av Dickens’ A Christmas Carol.

Berke Breathed er godt kjend for og elska av oss nordmenn som vaks opp med Tommy & Tigern; han er nemleg mannen bak seriane Opus og Outland!

Filmen, som boka, handlar om ein ung gut som ikkje set pris på mor si før etter at ho har blitt kidnappa av marsbuarar, og som då set avgarde for å redda ho.

Slashfilm har også snappa opp saka, og melder i tillegg (frå ei anonym kjelde, vel å merke) at Gore Verbinski sin nye animasjonsfilm Rango, med Johnny Depp og Isla Fisher, er basert på Brethed si hundebok Flawed Dogs! (more…)

Tintin-casting annonsert!

Monday, January 26th, 2009

Studioet har sendt ut ei pressemelding med castet til Steven Spielberg og Peter Jackson sin fyrste Tintin-film, med regi av Spielberg, og manus av Steven Moffat (Doctor Who, Coupling, Jekyll), Joe Cornish (Adam & Joe, Big Train) og Edgar Wright (Shaun of the Dead, Hot Fuzz). Fleire av namna har vi rapportert om tidlegare - men pressemeldinga byr på eit par nye overraskingar. (more…)