Archive for February, 2009

Vil Fallout 3 ruste våre barn godt nok til å overleva Thunderdome?

Friday, February 27th, 2009

Det er spørsmålet - eller bokstaveleg tala, “Are video games adequately preparing kids for the post-apocalyptic future?” - som The Onion AV Club legg framfor sine debattantar i eit nytt avsnitt av In the Know på Onion News Network. 

Endeleg noko fornuftig på dagsordnen, ikkje berre hijabar og piratkopiering og slikt! Med dette ynskjar vi god helg - kos dykk med debatten!

Are Violent Video Games Adequately Preparing Children For The Apocalypse?

(Via io9)

Medan vi var ute…

Thursday, February 26th, 2009

Den siste veka har det skjedd ei røys med ting på underhaldningsfronten som vi burde ha dekka her på Holiday by mistake. No viste det seg at det var enklare å gå på jobb, sjå gamle episodar av “Red Dwarf”, flytte, eller drikke øl, enn å motivere seg sjølv til å få unnagjort litt skribleri. I 2008 hadde eg eit eksperiment der eg kombinerte fleire artiklar til samleinnlegg, og sjølv om eg ikkje kjem til å gjere dette til ein vane (det er ikkje som om eg laga ein ny kategori for dette her - eller, vent…), har eg ein del ting eg ynskjer dela med dykk.

Bli vist vidare til sakar om “Red Dwarf”, Michel Gondry, “Arrested Development”, Joss Whedon om DC, og meir, etter hoppet.

(more…)

Arnold har blitt en musikkgenre

Wednesday, February 25th, 2009

Du leste rett. Bjørn sendte meg denne linken til Karl Hungus’ blogg der han snakker om sin oppdagelse av Arnoldmetal. Og det må jeg takke ham for, for dette var ganske fett.

(more…)

Faith No More - Ashes to Ashes

Wednesday, February 25th, 2009

I løpet av sommeren vil det, for første gang på over 10 år, bli mulig å oppleve dette. Faith No More skal turnere europeiske festivaler i sommer. Eg setter en hundrelapp på at de dukker opp på Hove, og at Hove går konkurs igjen før året er omme.

Den beste serien du aldri såg - KANSELLERT!?

Friday, February 20th, 2009

The Middleman var eit friskt pust som blæs gjennom eteren (og torrents) i fjor sommar. I fleire månadar har serien sin lagnad vore uviss - sjølv serien sin skapar, Javier Grillo-Marxuach, vart haldt i mørkret (og er etter alt å døme framleis det), men når det no vert annonnsert at den 13. og eigentleg siste (men uproduserte) episoden skal gjerast om til ein teikneserieroman, vert dette tolka som at kroken omsider er på døra.

(more…)

Ond diktator med tapt Doctor Who-arkiv?

Friday, February 20th, 2009

Ja, tru det eller ei, men sladreblekka (orsak, “tabloid”-avisa) The Sun hevdar faktisk at Zimbabwe-diktator Robert Mugabe, kjend for sine originale humanitære handgrep, sit på originalrullar frå heile fyrste sesong av Doctor Who. BBC manglar brorparten av arkivet sitt frå 60- og 70-talet, grunna den alternative formen for arkivering dei praktiserte den gongen (i.e. mangelen på), men rakkaren i den forhenverande kolonistaten Rhodesia skal altså ha skaffa seg originalrullane som angjeveleg vart send til Rhodesia for syning på 60-talet, hevdar blekka i ei “eksklusiv avsløring” i dag. Og vidare skriv dei at han nektar å utlevere rullane til det han omtalar som “tjuvaktige neo-kolonistar” på diplomatisk grunnlag…

No må det understrekast på det heftigaste at The Sun er svært berykta for å vere den minst pålitelege av dei britiske tabloidene, og alle “avsløringar” dei kjem med må som regel takast med eit billass salt. Men faktum er at BBC manglar 108 av dei 752 episodane av Doctor Who, spesielt frå dei tidlegaste åra, men har lukkast i å gjenskaffe seg eit antal tidlegare tapte episodar frå tidlegare kolonistatar og private samlarar. Så det er ikkje umoglegat dette faktisk er sant, det er berre lite truleg.

Sjekk ut heile saka hjå The Sun, og merk den fine (heller amatøraktige) photoshoppen av Mugabe som Davros.

Kriminelle andlet

Thursday, February 19th, 2009

pirat-kristian2Noregs største (*kremte*) kommunistparti, Raudt, lanserte i går ein kampanje til støtte for The Pirate Bay. Den pågåande saka mot bakmennene til verdas største BIT-torrent side har blitt ein farse. Dette er ei sak som film og plateindustrien ikkje kan, og ikkje må, vinne. Kvifor ikkje? (more…)

Servilia frå “Rome” til Doctor Who

Wednesday, February 18th, 2009

Daily Record melder at Linday Duncan, kjend for oss her heime som Servilia of the Junii i “Rome”, Angela Wells i “Spooks”, og ikkje minst stemma til det feminine tilsvaret til C3-PO, TC-14, i Star Wars episode 1: Den skjulte trussel, no er på veg til Doctor Who, som David Tennant sin neste “companion”, Adelaide. Duncan vil vere å sjå i den andre av dei i alt fire spesialepisodane som erstattar vanleg sesong av serien i år - der den fjerde vil vere David Tennant sin siste opptreden som den eksentriske tidsherren frå Gallifrey.

Den fyrste, “Planet of the Dead”, har premiere til påske, problemer under innspelinga til trass.

(via Outpost Gallifrey)

Ringenes Herre held fram på film!

Wednesday, February 18th, 2009

Nei, dette er ikkje eit innlegg om Guillermo Del Toro sin Hobbit-duologi. Derimot handlar det om ein 40-minuttars fanfilm laga for $3000, adaptert frå tillegga i “Ringenes Herre”. Filmen, The Hunt for Gollum, tek for seg Aragorn sin jakt på Gollum pre-”Ringenes Herre”, for å læra løyndomen bak Ringen.

Filmen har premiere online 3. mai, og den fyrste traileren er alt online. Og, bygod, det ser fabelaktig ut. Regissør Chris Bouchard har verkeleg klart å fanga essensen frå Jackson-trilogien, og atpåtil greidd å finna ein skodespelar med den naudsynte visuelle likskapen til Viggo Mortensen.

Nyt traileren etter hoppet (og ja, dei har allereie blitt kontakta om eventuell kinovisning under WT-festivalen i år…).

(more…)

No kan også du reise “on holiday by mistake”!

Tuesday, February 17th, 2009

I dei vêrbitne åsane i Cambria kan ein riktig heldig fotturist kome over eit gamalt, falleferdig og forbodande gardstun. Her, Sleddale Hall som garden heiter, inntok i 1987 eit dedikert filmteam hovudbygget for å lekamgjera skildringa av to arbeidslause skodespelarar som reiser ut på landet for litt sårt, tiltrengt gjenoppfrisking, anno 1969.

Sleddale Hall er den legendariske åstaden for Withnail & I sin sjebnesvangre hytteur (du veit, den som får Marwood (Paul McGann) til å utbryta “We’ve gone on holiday by mistake!” ovanfor “the fucking farmer”). Sjølvaste uncle Monty sin landstad.

Withnail & I burde ikkje vere framand for lesarar av Holiday by mistake. Filmen er delvis sjølvbiografisk frå manusforfattar og regissør Bruce Robinson, og inneheld i tillegg til Sleddale Hall legendariske innspillingstadar som George Harrison sin leiligheit. Filmen er lett mogleg den mest siterte i filmhistoria, som trass i direkte flopp på kino har vakse seg til ein av dei verkeleg viktige kultfilmane vi har.

Garden har i årevis vore gjenstand for pilegrimsferder for Withnail & I-fans, men eit tvangssal i dag såg ut til å kunne bli slutten på heile garden.

Heilt til ein mystisk mann med rufsete hår overbydde alle og bladde opp £265000 for det viktige kulturlandemerket. For det er nemleg det pubeigar Sebastian Hindley ser bygningane, i nærleiken av Shap i Cumbria, som. Hindley legg ikkje skjul på kva han tykkjer om bygget, og eventuelt bruk:

“I see the significance of Sleddale Hall as similar to that of Wordsworth’s cottage on the other side of the Lake District,” (The Times Online)

Han la til at ynskjar å gjere garden tilgjengeleg for fans:

“Before, you used to have to break in if you wanted to stay there. I want to make it accessible to everyone who makes a pilgrimage.”

Så no er det berre å ta med seg sine favorittsitat, ei levande høne, og store mengder alkoholinnhaldig drikke, og leggje i veg til den engelske landsbygda i ein nedsliten Jaguar.

Om då Hindley får lov å la folk overnatta i bygget; det er nemleg i så dårleg forfatning at det i høve britiske bygningsforskrifter ikkje eignar seg for folk, men Hindley skal ha vore klar over dei estimerte oppussingskostnadane på om lag £150000 då han bydde på huset…

NB: Sebastian Hindley eig frå før av gjestehuset Mardale Inn i den nærliggande landsbyen Bampton. Dette er vertshuset Withnail og Marwood vitjar når dei for fyrste gong møter krypskyttaren i filmen!

(Via dodofuglens nebbete notater, Times Online)

Full trailer for Lesbian Vampire Killers!

Tuesday, February 17th, 2009

Den britiske komikarduoen James Corden og Mathew Horne er endeleg no å sjå i den fulle traileren for sexploitationhorrorkomedien Lesbian Vampire Killers. De hugsar kanskje at vi presenterte teasertraileren for dette kunstverket før jul?

Om mogleg ser filmen enno meir genial ut enn når teaseren kom ut før jul. Regissør Phil Claydon og manusforfattarane Paul Haupfield og Stewart Williams har aldri lagt skjul på at filmen er djupt inspirert av Shaun of the Dead, og britiske slackerkomikk generelt, noko som burde vere tydeleg for alle og ein kvar. Sjå traileren etter hoppet. (more…)

Probot - Shake Your Blood

Tuesday, February 17th, 2009

Dave Grohl, Lemmy og 66 SuicideGirls. Kan det bli bedre? En av det siste tiårets beste hardrockvideoer ifølge MTV. Grohl spiller, som vanlig, de fleste instrumentene, bortsett fra bass, noe som ble overlatt til mesteren sjøl. Lemmy stod og for teksten til denne låten. Om dette sa Lemmy: “I wrote the lyrics in about ten minutes. . . It’s rock & roll, you know. It’s not one of those complicated things.” I denne videoen spiller Wino gitar. Wino burde være kjent fra de som hørte på seig metal på 80 og 90 tallet, med band som St. Vitus og The Obsessed.
Under navnet Probot samla Dave Grohl sammen noen av de musikerene han hørte på som ung, bl.a. Lemmy, Snake fra Voivod (spiller på Hole in The Sky i sommer), Cronos fra Venom, Max Cavalera, Lee Dorian fra Cathedral og King Diamond. Som ekstraspor finner vi den fabelaktige stonerlåten I Am The Warlock med ingen ringere enn Jack Black.

Tiger Army - Cupids Victim

Tuesday, February 17th, 2009

En litt forsinket valentinshelsing fra de veldig romantiske psychobillyvartigrene i Tiger Army.
Låta er fra plata Power Of Moonlite fra 2001. Legg spesielt merke til deres definisjon av el-bass.

Zac Efron er Jonny Quest

Monday, February 16th, 2009

IMDb melder at High School Musical-puddingen Zac Efron, og Dwayne “The Rock” Johnson, er henhaldsvis Jonny Quest og Race Bannon i Hollywoodfilmversjonen av den klassiske teiknefilmserien The Adventures of Jonny Quest.

(more…)

The Simpsons med ny intro - i HD

Sunday, February 15th, 2009

Det er vel berre å venne seg til at ein etter ein vil våre standarddefinisjonsprogram migrere over til HD. Om ein ikkje allereie har gjort det, då. Men enkelte hopp til HD er kanskje litt mindre forståelege enn andre. At Doctor Who - ein science-fictionserie - har god nytte av å sjå best mogleg ut, kan eg forstå, men er det naudsynt at ein teiknefilmserie som surfar på omlag 80% sjarm, som The Simpsons, visast i HD?

Okkesom har dei teke steget, og i same stund snikra ny opningssekvens, som går på lufta saman med den fyrste HD-episoden i kveld.

Det ser jo veldig flott ut, men nok ein gong set eg spørsmålsteikn ved om det var naudsynt. Sjå den nye introen etter hoppet!

(more…)

Back to the Bruce

Thursday, February 12th, 2009

Det er alt for lenge sidan vi rapporterte noko om Bruce Campbell, og vi kan ikkje anna enn å be om orsaking. Det er ingen løyndom at vi her i Holiday by mistake har ein gigantisk statue av Bruce i gull ståande midt i lokalene våre, som vi ber framfor fleire gongar for dagen (vent, har vi lokaler?!), medan vi dronar avgarde på Wayne Campbell-mantraet “We’re not worthy! We’re not worthy!“.

Bruce er framleis å sjå som ex-Navy SEAL Sam Axe i den ypperlege spionserien “Burn Notice” på amerikanske tv-skjermar, og alt ligg an til at serien vert fornya nok ein sesong; både kritikarkoret og sjåarane er skjønt einige om at dette er verdt å få med seg. The AV Club har teke ein prat med Bruce om mellom anna “Burn Notice”, men også ei rekke av dei meir eller mindre tvilsame B-filmane Bruce har spelt i gjennom si nesten 30-år lange karriere. Dette kan også vere eit fint springbrett for dei som treng læra meir om Bruce Campell (hei, Janne!), og hans Awesomeness.

Brad Pitt forlangar 100 naziskalpar

Wednesday, February 11th, 2009

Eg er ein av dei som fann Kill Bill, Vol. II noko skuffande, og Tarantino sitt Grindhouse-bidrag Death Proof bra fram til den faktiske forteljinga tok til.

Ja, eg tykkjer han er frykteleg oppskrytt, men likevel eit geni; det er ikkje å skyve under ein stol kor viktig han har vore for nyskaping i Hollywood. Om ikkje Tarantino hadde kome på bana hadde filmindustrien vore dominert av dansefilmar med Patrick Swayze, det er eg sikker på!

Det er ikkje utan ein viss forventning vi no presenterer teasertraileren til hans nyaste film, som pent kan beskrivast som den stygge, mannevonde lillebroren til The Dirty Dozen. Brad Pitt, Eli Roth, BJ Novak, Mike Myers(!), og Michael Fassbender har hovudrollene i Inglorious Basterds:

(Via Yahoo!, Youtube)

Johnny Depps Rum Diary attende på skinner

Wednesday, February 11th, 2009

Under Berlinalen kom det i går nyhende om at The Dark Knight-skodespelar Aaron Eckhart og legenda Richard Jenkins er på veg inn i Johnny Depp og Bruce Robinson sin filmatisering av Hunter S. Thompson-romanen The Rum Diary. Prosjektet, som har vore ein hjartesak Johnny Depp har slåst for sidan 1999, er endeleg på skinnene att. (more…)

Torchwood: Children of Earth trailer i HD

Wednesday, February 11th, 2009

Årets sesong av den sexy Doctor Who-spinoffserien Torchwood er på fem episodar, sendt over fem etterfølgjande dagar, på BBC1. Miniserien har fått tittelen “Children of Earth”, og formelen her er jo som reinaste påskekrim for oss nordmenn å rekna - om enn noko oppsexa, og med romvesen. BBC gav i førre veke ut traileren for miniserien (eller “event”, som dei kallar det), men vi låg litt etter med andre ting, og fekk difor ikkje delt den med dykk før no.

Torchwood: Children of Earth HD trailer:

(via BBC, Youtube)

Парк Горького - My Generation

Friday, February 6th, 2009

1989, et eventfylt år.
Akihito blir keiser i Japan, Ted Bundy blir henretta, fatwa mot Salman Rushdie, Exxon Valdez går på grunn, Berlinmuren faller, 96 Liverpool tilhengere blir drept på Hillsborough stadium, masakren på den himmelse freds plass, første The Simpsons episode blir vist og Jon Bon Jovi og Richie Sambora produserer den selvtitulerte debut plata til Gorky Park. Her er en fabelaktig cover av The Who låta My Generation.