Archive for March, 2008

WEIRD TALES 28.03

Friday, March 28th, 2008

Dalai Lama, Michael Bay og Adam Sandler blant sakane i denne oppdateringa.

* Doctor Who på julemiddag
* Nye rykter om Connery attende til Bond
* WT-vinnar får fulldistribusjon
* You Don’t Mess with Adan Sandler
* Hyll ein filmskapar
* Dalai Lama-effekten
* Batman: The Dark Knight of Advertising
* Michael Bay is Awesome
* I Am Legend 2

Doctor Who på julemiddag

Friday, March 28th, 2008

IO9 har ein artikkel om korleis no også Tom Baker sleng seg med i diskusjonen om ny multi-doktor historie i Doctor Who. I kommentarsporet låg denne fabelaktige videoen, som eg berre måtte dele.

Nye rykter om Connery attende til Bond

Friday, March 28th, 2008

SEAN CONNERY HAR LENGE uttalt at det einaste som hadde fått han ut av pensjonisttilværet hadde vore dersom han fekk spele skurk i James Bond eller dersom det vart laga ny Indiana Jones-film. No viste det seg at sistnemnte eksempel faktisk vart ein realitet, men Connery valde likevel å takke nei til å vende attende til filmindustrien, den lunefulle hora.

Ace Showbiz melder at Connery angjeveleg verkeleg vurderer å gjere comeback som skurk i høve Quantum of Solace, også kjend som Bond 22.

Dersom dette er tilfelle, noko vi tvilar sterkt på, ville det vere vakkert, å-så-vakkert, på ein nesten incestuøs måte. Endringane Casino Royale gjorde til Bond-franchisen var heilt perfekte., og Connery som skurk er eit sjeldant fenomen, som kunne vere den ekstra prikken over i-en QoS treng for å nå heilt opp til sin forgjengar.

Og angåande pensjonistlivet til Connery, eg hadde óg pensjonert meg på flekken etter League of Extraordinary Gentlemen.

WT-vinnar får fulldistribusjon

Friday, March 28th, 2008

VINNAREN AV APOLLO-STATUETTEN FOR BESTE LANGFILM 2006 ved WT Os internasjonale filmfestival var eit genialt litte stykke arbeid av Hal Haberman og Jeremy Passmore ved namn Special. Filmen handlar om ein mistilpassa parkometervakt som melder seg til å teste ut ein eksperimentell medisin. Bieffekten er at han utviklar superkrefter, og bestemmer seg for å nytte dei nyvunne kreftene til å bekjempe kriminalitet.

Problemet er berre at den verkelege bieffekten av medisinen er psyotiske reaksjonar.

Filmen utforska einsemda og behovet for eit betre liv på ein heilt ny og original måte, og kan berre anbefalast på det varmaste. Diverre var den einaste staden den fekk distribusjon i England, og det på DVD, men no, etter nesten to år på festivalturné har den endeleg fått napp og får kinodistribusjon i statane.

Les eit intervju med Rapaport hjå MTV her, der han mellom anna snakkar om ein mogleg oppfølgjar. Korleis kan eg ikkje sjå, men med denne gjengen måtte det blitt interessant.

Vonar også at Paul Blackthorne frå “The Dresden Files” får litt lenge fortent eksponering gjennom sin rolle som skurk i denne filmen.

Traileren har byrja versere på veven, og vi presenterer den sjølvsagt her!

You Don’t Mess with Adan Sandler

Friday, March 28th, 2008

ADAM SANDLER ER EIN SÅNN DUSTEKOMIKAR som folk flest har eit hat- eller elskforhold til.

Eg likar fyren. Eg elska Billy Madison og Happy Gilmore då eg var ung, og lo meg skakk av 50 First Dates då eg var mindre ung. Han har vist at han meistrar å vere seriøs (og er fordømt god til det!) i filmar som Punch Drunk Love og Spanglish, for ikkje å snakke om den undervurderte Click!.

Men det er noko med hjernedaud tullefilm som, dersom det vert gjort rett, er reint gull. Will Ferrell greier det, Rob Schneider greier det, og Adam Sandler er kanskje kongen på haugen.

Difor er det ikkje utan grunn til at eg gleder meg til ein og ein halv time med minimal hjerneaktivitet og krampe i kinnbeina med Sandler sin neste film, You Don’t Mess with the Zohan.

Konseptet seier alt: Den israelske special-ops-soldaten Zohan forlater sitt valdelege liv i Israel for å følgje draumen om å bli hårstylist i USA. Men så tek fortida han att. Hilarity ensues.

Legg til at manuset er ved Sandler i samarbeid med Judd Apatow og Triumph the Insult Comic Dog-skapar Robert Smigel, så er det veldig tydeleg kva spor dette legg seg i.

Dette er humoren du anten elsker eller hatar. Ingen har eit ambivalent forhold til Sandler.

(via JoBlo)

Hyll ein filmskapar

Friday, March 28th, 2008

ETTER AT VI SKREIV OM SWEDEING I GÅR, kom tilfeldigvis Slashfilm i dag med ei sak som kanskje kan nevnast i same andedrag.

Dette handlar også om fan-laga filmar, men i staden for heimelaga bilete er dette montasjar frå heile karriera til kjende filmskaparar lagt til musikk.

Det er faktisk forbløffande bra! Eksempelvis har eg i lang tid hatt eit anstrengt forhold til Quentin Tarantino; eg elska Reservoir Dogs og Pulp Fiction då dei kom ut, men har liksom alltid hatt ein dårleg smak i munnen av han sidan. Hyllesten til han gjorde at eg kjem til å revurdere mine kjensler ovanfor fyren, og kanskje gje dei siste filmane hans ein ny sjanse.

Sjå også den fantastiske Paul Thomas Anderson-montasjen, samt Michael Mann og Martin Scorsese hjå Slashfilm.

Dalai Lama-effekten

Friday, March 28th, 2008

JOSHUA DUGDALE FØLGTE DALAI LAMA i 18 månader for å lage sin dokumentar The Unwinking Gaze. Dalai Lama hevdar i filmen at hans konstante PR-turné verda over, som inkluderer eit eit usanseleg vell av hob-nobbingen med kjendisar, har ei desidert og handgripeleg effekt på Tibet-situasjonen. Han fortel at han aldri har nølt med å manipulere media for å seie det han meiner han treng, fordi han omfavna den moderne verdas metodar for å få bodskapen høyrd. Endring for Tibet berre kan kome gjennom at nok menneske som bryr seg har motteke bodskapen, seier Lamaen. Ein kan seie kva ein vil om Lamaen sine metodar, og hans selskapsreiser, men kva for ein annan religiøs autoritetsperson brukar taletid på å diskredittere trua på sine eigne krefter? Sjå berre korleis Paven nett har teke nok eit jarngrep rundt Det katolske folk med sine nye dødssynder.

Uansett er ikkje Lamaen sitt kjendisliv som er viktig i denne samanhengen. Snarare er det tematikken i dokumentaren om han som påverkande kraft. Regissør Dugdale meiner at filmen vil resultere i “sjokkbølgjer”, som vil tvinge Kina til å opne for resolusjon med Dalai Lama, og håper filmen vil få Beijing til å invitere Dalai Lama til OL.

Fleire kommentatorar, mellom anna Peter Tatara hjå The Guardian sin filmblogg, trur at denne filmen faktisk kan få påverkande følgjer, ei kraft som i lang tid har vore relativt fråverande samanlikna med tidlegare tider. Tatara nevner korleis mange hevdar Peter Davis’ Hearts and Minds frå 1974 påverka USA sin tilbaketrekning frå Kambodsja, men at suksessfulle forsøk på liknande påverknad har vore omlag fråværande i ettertida.

Dersom det for ein gongs skuld kjem ein grensesprengande dokumentar som har ein effekt på vårt apatiske og blaserte samfunn, vil dette forhåpentlegvis vere eit vendepunkt for dokumentarsjangeren.

For ordens skuld, her er traileren til The Unwinking Gaze.

Batman: The Dark Knight of Advertising

Friday, March 28th, 2008

VI HAR IKKJE SKRIVE NOKO OM reklamekampanjen til Batman: The Dark Knight tidlegare, fordi, for å vere ærleg, er den så gjennomført og omfattande at det er vanskeleg å berre nevne den utan å bli frista til å skrive ei avhandling om den.

Så sjå på dette som eit kompromiss; eg sender dykk vidare til First Showings, som har ein fin og oversikteleg artikkel som tek for seg denne unike viralreklamekampanjen i sin heilskap.

Og tenkje seg til at den tidlegare indie-hovdingen Christopher Nolan er mannen bak filmen.

Michael Bay is Awesome

Friday, March 28th, 2008

VEL; KOKKELIMONKE, I ALLE FALL, det har vi dekka tidlegare. Men han legg i alle fall ikkje to pinnar i kross angåande kven han er - ein nerd som likar å få ting til å eksplodere.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie til dette - den intellektuelle sida av meg forkastar tullball med eksplosjonseffekter, medan 12-åringen i meg elskar å sprenge ting. Eg reknar med det gjeld oss alle.

Så sjå på dette som ei utstrekt hand til Michael Bay - han latar i alle fall ikkje som om han er nokon annan enn den han er.

(De har kanskje sett ein kortare versjon av denne reklamen før)

(via Filmschool Rejects)

I Am Legend 2

Friday, March 28th, 2008

I AM LEGEND VAR NOK EIT SPEKTAKULÆRT uttykk for manglande kreativitet og integritet i Hollywood - sjølvsagt levert av fakkelbæraren for kunstarisk integritet (or not), Warner Bros. Det var som om det var to ulike manus vilkårleg spleisa saman. Ein djup og kjenslelada “omega mann”-soge (Omega Man er den ikkje ukjende førre filmatiseringa av Richard Mathesons bok I am Legend, med Charlton Heston) der Will Smith for ein gongs skuld speler kanonbra (som han som regel gjer når han klarar å parkere “Big Willie” heime, i.e. omtrent aldri), og hans usunne forhald til sin hund. Og ein dårleg 28 Days Later rip-off som ikkje har ballar nok til å ha realistiske monstre ein gong, men forsøkjer å surfe av garde på annanrangs effekter som liknar meir på dataspel enn på film.

Kva vil oppfølgjaren innehalde? Laura Deely hjå Blockbuster Buzz meiner at ho har svara. Hei, eg ville sett hennar film!

WEIRD TALES 27.03

Thursday, March 27th, 2008

“Svenske” videoklipp, våte draumar om George Clooney og Bruce Campbell, og nyhende om huttetuane i denne oppdateringa.

* Forest Withaker bekymra for huttetuane, han også!
* Lords of the Swedes
* Cambell & Clooney vs. Killer Tomatoes?

Forest Withaker bekymra for huttetuane, han også!

Thursday, March 27th, 2008

NYLEG HADDE MTV EIT INTERVJU med Oscar-vinnar Forest Withaker, der han snakkar om rolla si i Spike Jonze-filmen Where The Wild Things Are, som vi har skrive om tidlegare.

Withaker er tydeleg ein oppdatert kar, og har lese fleire av omtalane filmen har fått på veven, i artiklar i bloggar og liknande. Han speler ein av huttetuane, og fortel sjølve om korleis han som involvert har forstått kva det er Jonze prøver å gjere. Han har vore så imponert over det han såg under ein testvisning av delar av filmen (som vi også har nevnt tidlegare), at han er svært bekymra over rykta han har lese om at delar av eller heile filmen skal gjerast på ny for å tilfredsstilla produsentane (Warners, of course).

Han og forsvarar Jonze si avgjersle med å leggje filmen så tett opp til boka som mogleg, og justifiserer korleis det kan vere mykje meir skremmande på film enn i ei bok:

“I’m going to call Spike and find out what’s going on,” he promised. “The thing is, it’s one thing to read [scary stuff] in a book, but when you see an itty-bitty kid running alongside a 10-foot-giant on the side of a cliff, it gets intense. But that’s the point, because we’re representing the things inside of the kid. They represent his struggles, either him being too angry or being confused, or not feeling like he belongs. They’re a gargantuan extension of the way he’s feeling inside.

Go Forest, Go!

Jo meir eg les om denne filmen, jo meir frustrert vert eg over at eg moglegeins ikkje skal få sjå den slik Spike Jonze vil at eg (og du!) skal sjå den. Eg hugsar denne boka godt frå barndomen, og det hadde vore nostalgitripp som kun kunne overgåast av langfilmversjonar av Shagma eller Maika - jenta frå Verdsrommet.

Lords of the Swedes

Thursday, March 27th, 2008
SWEDEING ER, SOM DEI FLESTE BURDE HA FÅTT MED SEG, ein prossess der ein lagar ein tøyseversjon av ein kjend film, med speletid på nokre minutt, og utelukkande med effekter og props ein kan laga sjølv. Fenomenet, som har utvikla seg til ein vevbasert subkultur av uanste proposjonar, spinn attende til den geniale (men merkeleg nok feilslåtte) marknadsføringsstrategien til den franske surrealistregissøren Michel Gondry sin film Be Kind, Rewind som kom ut like før jul. I filmen råkar Jack Black og Mos Def i ulukka ved at alle VHS-kassettane i videobutikken til Danny Glover vert avmagnetiserte, og i vill panikk prøver dei å bytte ut dei tomme kassettane med versjonar av filmane (frå Løvenes Konge til Robocop) med versjonar dei lagar sjølv med søppeldynga i bakgarden som einaste ressurs. Konfrontert med resultatet, prøver dei å påstå at det er bootleg-versjonar importert frå Sverige. Hence Sweded. Hilarity ensues. I marknadsføringskampanjen oppmoda Gondry folk til å lage sine eigne sweda trailers og filmversjonar - han sweda tilmed sin eigen trailer sjølv (ja, det er han):

Resultatet vart som sagt eit fenomen som utvikla seg til ein heilt ny subkultur (hovudsakleg gjennom YouTube), så sjølv om filmen berre hadde moderat suksess, har Gondry i alle fall sikra seg kred i lang tid framover (sjølv om å laga tøyseversjonar av filmar på denne måten slett ikkje er nytt - men no er det liksom formalisert).

Dette er kanskje dei beste fan-sweda klippa eg har sett, og må opplevast.

Eg gjer dykk Ringenes Herre og TRON!


(sjå fleire sweda filmar her)

Bruce Campbell & George Clooney vs. Killer Tomatoes?

Thursday, March 27th, 2008

VISSTE DE AT EIN AV GEORGE CLOONEY sine tidlege rollar var i Return of the Killer Tomatoes frå 1988, oppfølgjaren til ein av dei merkelegste skrekkomediane gjennom tidene, Attack of the Killer Tomatoes (1978). Jada, filmane handlar om vondsinna drapstomatar som trugar menneskeheita, og var eit kultfenomen eg hugsar godt frå barndomen. Serien hadde ytterlegare to oppfølgjarar, Killer Tomatoes Strike Back! og Killer Tomatoes Eat France! på tidleg nittital, alle fire regisserte av John De Bello.

Gærningane bak Ask a Ninja, Doug Sarine og Kent Nichols, har fått det for seg at dei skal lage remake av kultfavoritten, og i eit intervju med Bloody Disguisting hevdar dei to at dei ynskjer seg George Clooney i hovudrolla, og at dei har ei spesiell rolle i tankane for Bruce Campbell.

The Last Movie Star vs. the King of B-Movies? Det er sjølvsagt for godt til å vere sant. Sjølv om Bruce Campbell kunne vere tenkjandes til å stille opp, er det naturlegvis ikkje det spor sannsynleg at Clooney hadde teke seg tid til dette. Sjølv for å vise at han er like flink til å snurre pizza som i gamle dagar…

Men vi har i lov til å håpe (og be, og trygle)!

Heile artikkelen

(PS: Clooney og Bruce Campbell HAR spela i same film før også; Bruce hadde ein cameo i Intolerable Cruelty, som han har i dei fleste av Coen-brørne sine filmar. Han speler såpeoperakirurg saman med Billy Bob Thornton).


WEIRD TALES 26.03

Wednesday, March 26th, 2008

HEI ALLE BARN! Med tanke på korleis det berre ballar på seg med innlegg i blant, så har vi her på “byrået” funne ut at vi skal prøve noko nytt: Magasinaktige oppdateringar.

Det betyr kort og godt at vi skriv innlegg på ein litt annan måte, nemleg nedover i staden for oppover.

Forvirra?

Vel, er det ikkje irriterande korleis ein heile tida må scrolle nedover for å finne det siste innlegget sidan sist du las? Never fear, no vil du kunne lese kvar utgåve av WEIRD TALES her på On Holiday By Mistake som eit magasin. Ho-lee!

Vi gleder oss også til å flytte på oss, til den nye adressa http://wt-festivalen.no/holidaybymistake (den er ikkje aktiv enno), og ynskje velkomen til våre nye skribentar (gamle kjenningar!).

Men lat oss presisere: Er dette formatet noko som kjem til å fungere? Vi veit ikkje. Men vi vel å forsøkje!

Så utan vidare visvas, her er overskriftene i dag!

* Popkult recap
* Bite my Shiny Lego Ass!
* Constantine 2 - til helvete
* Moro med våre vener frå Star Wars
* Te kan motverke miltbrann!
* Gothic Lolitalærarar
* Guy Ricthie attende i form?
* Doctor Who: Satans verk?

Popkulturell recap

Wednesday, March 26th, 2008

HER ER NOKRE AV dei viktigaste popkulturelle nyhendene så langt denne veka!

* B-kjendis Craig Bierko fortel Newsweek om kvifor han badar i badekar med John Malkovich.

* New York Magazine har ein artikkel om John Waters!

* Er det sannsynleg med ein Jericho-film etter at serien vart lagt ned igjen? (Cinemablend)

*Ny TV-reklame for Iron Man! (Film School Rejects)

* Lucasfilm går viral med Indiana Jones-marknadføringa. Det betyr sjølvsagt at godtruande nerdar postar reklamen gratis. Erhm, her er den..

* First Showings melder at Sir Ian McKellen definitivt kjem til å spele Gandalf i Hobbiten!

Bite my Shiny Lego Ass!

Wednesday, March 26th, 2008

KVA HADDE VORE ENNO BETRE ENN Indiana Jones-, Star Wars- og Harry Potter-lego til saman? Svaret er sjølvklart. Futurama-lego!

Det har lego-maestro Pepa Quinn teke til etteretning. Quinn har gjenskapa Futurama temmeleg perfekt i legoklossar! Diverre er dette sjølvsagt noko Quinn har laga for seg sjølv, og ikkje den offisielle, nye produktlinja til Lego. Sjølv om det burde ha vore det!

Sjekk ut Futurama-galleriet her, og andre legosaker her.

Constantine 2 - til helvete

Wednesday, March 26th, 2008

MANGE HAR KANSKJE FÅTT MED SEG at Keanu Reeves har fått rolla som Klatuu i ein remake av sci-fi-klassikaren The Day the Earth Stood Still. Og alle gleder seg til nok ei rolle Reeves har høve til å gjere godt; den førre var fantastiske A Scanner Darkly, og ein kan jo merke seg at rotoskop-teknikken som vart nytta på denne filmen gjorde underverker for Reeves sitt heller manglande skodespelartalent. Og Klatuu, i TDTESS, vel, han er kjend for å vere heller stiv og uttrykkslaus, så det burde jo passe vår venn perfekt.

Keanu fortel om filmen:

“The first one was borne out of the cold war and nuclear détente. Klaatu came and was saying cease and desist with your violence. If you can’t do it yourselves we’re going to do it. That was the film of that day,” Reeves explained. “The version I was just working on, instead of being man against man, it’s more about man against nature. My Klaatu says that if the Earth dies, you die. If you die, the earth survives. I’m a friend to the earth. …what we are doing and who we are as a species. We’re trying to reach beyond the idea of [just] environmentalism.” (MTV)

Ikkje så lovande. Ikkje så lovande i heile tatt.

Derimot hadde han noko anna å seie, som gleda våre nerdehjerter langt inn i rota: Keanu seier at han ikkje vil gjere nokon oppfølgarroller. Med andre ord, det blir ingen oppfølgjar til Constantine.

No, for de som ikkje kjenner soga, så er Constantine basert på ein teikneserie ved namn “Hellblazer” frå den skrekk-relaterte underavdelinga Vertigo hjå DC Comics. Hellblazer handlar om ein hardbarka, kjederøykjande og stordrikkjande liverpudlianar i London, som tilfeldigvis også likar å lefle med okkulte krefter, og havnar i den eine metafysiske konspirasjonen etter den andre. Karakteren, John Constantine, vart skapt av serieforfattarguden Alan Moore, kanskje det største namnet innan teikneseriefeltet ved siden av (kanskje over?) Neil Gaiman, som ein bi-karakter i “Swamp Thing”, men det var fort tydeleg at karakteren levde sitt eige liv og behøvde sin eige blad.

Så kjem Warner Bros., som tilfeldigvis eig DC Comics, og vil lage filmversjon av denne populære serien. Men ein kan då ikkje lage amerikansk film om ein engelskmann (som atpåtil ser ut som Sting)! Neineinei, han må jo vere amerikansk, og kven er hot nett no? Jo, Keanu, han gjer det jo så godt med Matrix for tida, få inn han. Og denne serien er jo så treig, det er jo berre snakking. Nei, han kan ikkje reke rundt på pub heile dagen, det må vere masse effekter, og så må han reise til helvete i tide og utide. Og magikar? Nei, det gjer det så dårleg med den kristne demografien, så gjer han til synsk i staden, og så må han ha eit tøft skytevapen. Ei heilag hagle! Då snakkar vi ost. Ost, ja. Brått har dei øydelagd alt som var originalt med teikneserien og laga ein dime-a-dozen amerikansk dustefilm. Som atpåtil var ke-e-e-e-eisam (men hadde eit fantastisk soundtrack av Brian Tyler). For øvrig gjekk regissør Francis Lawrence vidare til å skyte box office-gullfuglen med I am Legend.

Men no har i følgje IESB Keanu altså avkrefta at det vert nokon oppfølgjar som kunne valdta franchisen vidare, så dagen i dag er ein gledens dag her hjå On holiday by mistake, vonar de kan dele gleda med oss. John Constantine har endeleg fått hemn.

Ein litt tristare bieffekt blir at Keanu ikkje kjem til å ha cameo som ein av sine beste rollefigurar, agent Johnny Utah i Peter Iliff sin oppfølgjar til Point Break.

(via Slashfilm)

[EDIT: Skreiv Gort i staden for Klaatu ved eit feiltak. Gort er den berømte roboten i same film]

Moro med våre vener frå Star Wars

Wednesday, March 26th, 2008

IKKJE EI VEKE UTAN STAR WARS.

* WIRED har ein Star Wars-tribute-fotokonkurranse gåande, og Nerdcore har funne ein haug med Zombie Star Wars-bilete blant bidraga. Haha, moro! Men ikkje heilt originalt; denne karen lagar Zombie Star Wars-actionfigurar.

* Disney slepp ein ny serie actionfigurar med Disney-karakterar og Muppets(!) kledd ut som karakterar frå Star Wars. Det er like vittig som det høyrest ut. Men Mikke Mus som Indiana Jones var litt dust. Vi her heime har jo i mange år fått italienske Disney-historiar gjennom Donaldpocket, og der er det jo Langbein, eller Indiana Beinson, som er den soleklare kandidaten til den karakteren.

* De har kanskje lese om fan-kampanjen mot Superheromovie i regi av Star Wars-fans grunna Weinstein Company si handtering av Fanboys? Det stod tilmed i Dagbladet. Det som IKKJE var i Dagbladet, var det alle eigentleg ville sjå: Dette biletet av Kristen Bell (Veronica Mars) i Leia-gullbikini! Boo-ya! (trykk for stor versjon)

Te kan motverke miltbrann!

Wednesday, March 26th, 2008

DET ER HEILT SANT, i følgje denne studia. Forskarar ved Den walisiske skulen for farmasi har oppdaga at Engelsk frukostte har potensialet for å motvirke miltbrann, også kjend som antrax, melder Danger Room. Verdt å merkje seg at “en anelse melk” referanse til Asterix hos Britene, plebei) negerer denne effekten. Kjekt å vite for amerikanarar, som er så glad å tømme teen sin i Boston Harbour.

I say! It’s tea-time for me!