Archive for the ‘Snål film’ Category

Naked Dawn!

Friday, March 27th, 2009

Ei nyinnspeling av John Millius sitt klassiske kaldkrigs drama er under oppsegling… diverre vil den nok verken kunne måle seg med originalen eller denne traileren for Naked Dawn med Rob Schneider. Ein hyllest til 80-talets oppløftande anti-kommunistiske fridomsdrama:


(Via slashfilm)

jbq @ i09

Friday, January 16th, 2009

Jepp folkens, eg er no blitt udøyeleggjort ved å anta rolla som korrespondent for den eminente nerdebloggen i09.

Stikk hit for ein filmvurdering av den moderne norske klassikaren Død snø, no på ein kino nær deg, signert underteikna.

Meir Exploitationfilm!

Sunday, January 4th, 2009
2009 ser ut til å bli eit glimrande år for oss som er glade i exploitationfilm. Det følgande klippet er “green band”-traileren til Black Dynamite, som debuterer på Sundance-festivalen seinare denne månaden.

Enjoy!

AWESOME: Gris Grimly + Guillermo Del Toro lagar Pinocchio!

Monday, November 17th, 2008
Det var ikkje så veldig mange som fekk med seg Gris Grimly sin spesielt inviterte novellefilm “Cannibal Flesh Riot” under årets WT-festival, og det er ein tragedie i seg sjølv. Den fullstendig geniale designeren, som tidlegare har illustrert for Neil Gaiman (The Dangerous Alphabet, sjå bilete nedanfor), har no blitt snappa opp av Guillermo Del Toro, som vil lage stop-motion animasjonsfilm av Grimly si tolking av Pinocchio, med Grimly som regissør, melder Bloody Disguisting. Ikkje nok med dét, dei skal laga det saman med Jim Henson Company!!! (Ja, det var faktisk verdt tre utropsteikn, akkurat det der).

Seier Del Toro:

We are trying to get a full stop-motion version of Gris Grimly’s PINOCCHIO off the ground, with the Jim Henson Company. The idea came from Gris, and everybody loves his book about it. The original story is far more perverse and spooky and semi-necrophilia vibe to it in certain aspects. Gris certainly has that vein in him, he wants to do this with that original spookiness in it, we are trying to get it going.

The Jim Henson Company is the behind it and we are currently working on the screenplay! Its not coming to a screen near you any time soon, even if it were to begin today it would be about three years in the making, but we are working to make it happen. A full-scale puppet universe takes time.

Gris Grimly sjølv er rakst på pletten på sin eigen nettstad, Mad Creator Productions, og spesifiserer at det er enno svært tidleg i prossessen, og at sjølv om Del Toro nevner at det kan ta tre år til den er ferdig, betyr ikkje det at den kjem ut i 2011. Han seier også at han har arbeidd med å få til ein filmversjon av boka i om lag fem år, og har møtt med både Del Toro og Jim Henson Company fleire gongar heilt sidan den fyrste Hellboy-filmen var i produksjon, så dette er ein prossess som tek tid.

Grimly sin veldig originale og ekstremt stiliserte strek er ein perfekt match for Del Toro sine fantastiske visjonar, og dette er eit prosjekt vi kan sjå fram til.

Nok eit prov på at Del Toro er arbeidsnarkoman og/eller fullstendig galen, med tanke på alle ballane han har i lufta akkurat no!

Dei som dreit seg ut på å ikkje sjå “Cannibal Flesh Riot!” på WT-festivalen, kan angra enno meir ved å sjå traileren til filmen på MySpace:
Cannibal Flesh Riot! Trailer 2

(Via Slashfilm)

Forbidden Planet Redux?

Wednesday, November 5th, 2008

God kveld i stova, det er din kjære mulla og profet her, og eg har blitt bedt om å dele litt godsaker her for min venn Jack B. Quick, som for tida er opptatt med ein festival av eit slag. Alle hans kreftar vert satt inn der, og det er ikkje pust i kroppen att i han til å fortelje dykk noko så vidunderleg som at Forbidden Planet får ein remake.

Greit, vidunderleg er det vel kanskje ikkje. Forbidden Planet, frå 1956, er blant dei ytterst få klassiske science fiction filmane som framleis held stand. Det gjorde den i alle fall sist eg såg den. Eg fniste aldri over dårlege effektar, ei heller himla eg med auga, heller ikkje for elendige skodespelarprestasjonar eller dårleg manus. Filmen er simpelthen god, og er det framleis. Faktisk er vel det du reagerar kraftigast på at Leslie Nielsen ikkje snublar eller oppførar seg på sitt etterkvart vanlege klovneaktige vis i denne filmen som mange nok vil rekne som hans dramatiske gjennombrot (og høgdepunkt). Dette er milevis unna den Nakne Pistol og Hjelp! Vi flyr!, dette er science fiction drama, med solide horror-element, som… vel… du bør vel eigentleg sjå den.

For dei som likar triva er det verdt å ta med det velkjente faktum at både romskipet og roboten som står sentralt i filmforteljinga dukkar opp att i fleire episodar av The Twilight Zone og andre seriar og filmar. Kva meir prov treng du eigentleg?

Vel, eit prov på at dette er ein klassisk film er jo at Hollywood, i sin stadige meir openbare idètørke, no vil spele den inn på nytt. Ein idè som eg vanlegvis møter med stønn, gru og diverse utbrot på Yiddish.

Så kvifor ligg eg ikkje i fosterstilling og grin denne gongen? Fordi eg er ein fanboy, og når det er Joe Michael Straczynski (som jbq ikkje er så glad i) som har blidd plukka til å skrive manus, så ser eg for meg at dette kan verte interessant. Ikkje så mykje remake som hyllest ser eg for meg frå mannen som gav oss The New Twilight Zone, fleire sesonger med Murder, She Wrote og ikkje minst - tidanes beste fjernsynsserie - Babylon 5 (som jbq verkeleg ikkje likar). I den siste tida har Straczynski vore involvert i teikneserieproduksjon (Spider Man, Rising Stars) og ymse filmprosjekt som Clint Eastwood sin nyaste; Changeling.

Så kva kan ein vente av ein JMS-versjon av Forbidden Planet? Eg trur vi kan summere det med tre punkter:
1. Ektefølt homage til ein klassikar, dvs. ei utdjuping av det som gjorde originalen god. (Nemnte eg at eg var ein fanboy?)
2. Filosofi. Og mykje av det. Både av det platte og det djupe slaget. Straczynski har alltid hatt ein tendens til å ta opp essensielle spørsmål når han har frie tøyler.
3. Monologar. Heftig lange taler. Taler som gjerne byrjar med “My father always told me…”, og som sluttar med at du har gåsehud… evt. har sovna.

Eg trur særleg punkt 3. vert sentralt.

Så får vi sjå då… kor langt dei kjem i prosjektet. Å be nokon å skrive eit manus er framleis eit stykke unna å realisere ein film.

Madonna sin regidebut…. bra?

Tuesday, September 30th, 2008
Det er blanda kjensler eg sit att med etter å ha sett traileren til Madonna sin regidebut Filth and Wisdom.

På den eine handa står Madonna for alt som er gale med verda (eg vel å ikkje utbrodere), på den andre sida ser dette ut som ein film… eg kjem til å lika. Herleg sigøynerpop, frekke ballerinatøs, lettfeldig omgong med prostitusjon, store bartar, Richard E. Grant i ei birolle - kva er det ikkje å bli entusiastisk av ved dette?


Filth and Wisdom byrja som eit kortfilmprosjekt, og berre balla på seg, til Madonna stod med ein 80-minuttar lang indiefilm mellom hendene, som Screendaily kallar “no better or worse than the averahe creaky low-budget Britfilck”, som, med tanke på at den gjennomsnittelege lågbudsjetts Britflick eigentleg er ganske bra, er utruleg nok gode skussmål(!). Eg kjem framleis ikkje over at eg har positive forventningar til denne filmen. Etter at eg har skrive dette kjem eg til å gå i dusjen og synge “The Crying Game” medan eg skrubbar meg sjølv til blods. Men på den andre sida, dersom Madonna har suksess med dette prosjektet kan det jo hende at ho legg den grufulle musikkarierra si på hylla og konsenterer seg om å lage film om mannlege sigøynarprostituerte på heiltid, og eg trur vi alle kan vere fint einige om at det hadde vore for det beste. Kanskje vi til og med greier å gløyma “Die Another Day” - tittelsporet som øydelagde karriera til Pierce Brosnan.


Her er uansett taileren, via Slashfilm.


They’re Nazis on the moon, they carry a harpoon

Saturday, May 10th, 2008

Sett Star Wreck: In the Pirkinning? Om ikkje, er du ikkje humoristisk anlagt og/eller fan av Star Trek eller Babylon 5, eller hatar ein eller båe av dei (i tillegg hatar ofte B5-fans Trek, og Trek-fans B5, og mange hatar båe delar). Forvirra? Ikkje så mykje som du vil vere etter å ha sett filmen. Ein heilsprø komedie som parodierer dårleg science-fiction (men ikkje Doctor Who, merkeleg nok), som garantert vil gje deg ein god latter, og imponere deg med dei heimelaga spesialeffektene, som ser tilnærma profesjonelle ut (det tok 7 år å rendre dei. Nei, eg overdriv ikkje - sju år!) Å, og den er gratis å laste ned frå heimesidene.

Denne veka kom teaser traileren til same gjengen sitt nye prosjekt, Iron Sky, ut. Same formel som sist - filmen vert laga på dugnad - men denne gongen er det ei original historie (vel, noko kan den vel minne om Robert Heinlein sin Rocket Ship Gallileo), og filmen har fått 50000 euro i stønad frå Den finske stat og har Oscar-nominerte produsentar. Og kva handlar den om? Why, nazistar frå månen, så klart! Eg veit ikkje kva de tykkjer, men i mi bok betyr det automatisk vinn.

Teaseren kan du sjå nedanfor, og meir om filmen kan du lese hjå N4f, i ein artikkel underteikna, øh, underteikna.

Shakespeare - med vampyrar

Sunday, March 9th, 2008

Rosenkrantz og Gyldenstjerne er… vandøde..?
Ein av mine favorittfilmar er filmadapsjonen av Tom Stoppard sitt eksistensialistiske skodespel Rosenkrantz & Guildenstern Are Dead, skriven og regissert av Stoppard sjølv, med Tim Roth og Gary Oldman. Den filmen var ganske høgtsvevande når eg såg han fyrste gong på tidleg nittital, men eg er ganske sikker på at denne adapsjonen her set ny standard…

Debutregissør Jordan Galland hadde lyst til å lage ein oppfølgjar til Stoppard-skodespelet heilt sidan han var med å setje det opp på teater i highschool. Ein kan lure på om kva det var som fekk han til å skrive inn mafiaen, Den heilage gral og vampyrar når han endeleg kom i gong med det. De trur eg tullar? Vel, ta ein titt på dette:

Filmen har Jake Hoffman (son av den meir kjende Dustin), Jeremy Sisto (”Six Feet Under”), Devon Aoiki (Sin City), og John Ventimiglia (Artie Buccho på “Sopranos”) og sjølvaste Ralph “Wax On, Wax Off” Macchio (Karate Kid) på rollelista, og musikken er ved Sean Lennon. WTF?!

Kva kan ein seie?

Rosencrantz and Guildenstern are Undead is a comedy that explains the connection between Hamlet, the Holy Grail, and some very sexy vampires.” heiter omtalen av filmen. Dette kan anten bli fullstendig kokkelimonke på ein herleg måte, eller brutal analvaldtekt av verste sort av originalen (og kanskje våre sinn). Forelaupig hellar eg mot det fyrste, men ein veit jo aldri.

Det er forresten Ralph Macchio - Kartate Kid hisself - som wannabe mafioso der oppe til høgre, ja. Macchio beskriv filmen som “(…) Buffy the Vampire Slayer meets Woody Allen’s Manhattan.” Hinteresthing.

Og tru det eller ei, Galland har fått Stoppard sin velsignelse til å lage denne filmen:

“I was lucky enough to have dinner with Tom Stoppard once, through a friend who invited me. And I kind of told him about my idea and he was very into it. And then I met him again and he said, “You’re quite famous among all my friends, you know. I’ve told them all about your ‘Undead’ idea!” So then I realized I had to make the film.”

Så då reknar vi med at det blir noko slikt som dette:

“I ton’t trink…. viiine. Blud… Is compulsory!”

Allereie før denne filmen er ferdig, har Galland scora seg eit skikkeleg gullprosjekt, med filmatiseringa av Ryu Murakami-romanen Coin Locker Babies, med Val Kilmer, Liv Tyler, Vincent Gallo og Asia Argento i rollane. Galland skreiv sjølv manuskriptet saman med Michele Civetta og Sean Lennon.

Galland vonar filmen er ferdig til halloweenfeiringa, medan vi vonar den blir ferdig til WT-festivalen slik at vi kan invitere den!